Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Civita
Handlekurv
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi og velferd
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Jakten på det borgerlige
  • Brev fra EU
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
Meld deg på nyhetsbrevet
Offentlig eierskap

Statlig eierskap: Mellom fornuft og pragmatikk

Statleg eigarskap kan fungera godt, men å tenkja økonomisk langsiktig kan ha ein politisk pris. Det er ein myte at det er ein aktiv stat som har sikra eit godt næringsliv i Noreg. Rett nok er det statslege eigarskapet stort, men det er berre mogleg fordi staten er pragmatisk og fører ein politikk der forretningsmessig logikk er leiande prinsipp, skriver Lars Gauden-Kolbeinstveit i Dag og tid.

Lars Kolbeinstveit

Publisert: 23. januar 2015

Av Lars Gauden-Kolbeinstveit, filosof og rådgjevar i Civita

Statleg eigarskap kan fungera godt, men å tenkja økonomisk langsiktig kan ha ein politisk pris.

Det er ein myte at det er ein aktiv stat som har sikra eit godt næringsliv i Noreg. Rett nok er det statslege eigarskapet stort, men det er berre mogleg fordi staten er pragmatisk og fører ein politikk der forretningsmessig logikk er leiande prinsipp. Historikar Einar Lie, som frå før har skrive mykje om norsk økonomisk historie, har ein god penn og skildrar godt kvifor det statlege eigarskapet fungerer.

Det vil kan henda overraska lesaren at medforfattarane Egil Myklebust, som mellom anna har vore generaldirektør i Hydro, og Harald Norvik, som har vore konsernsjef i Stat oil, også har eit såpass pragmatisk syn på statleg eigarskap, men ein må ikkje gløyma at Myklebust og Norvik er blåruss. På lanseringa av boka uttrykte næringsminister Monica Mæland uro for oppseiingar ved Kongsberg Gruppen.

Norviks korte svar på dette var at næringsministeren ikkje skulle bry seg i det heile. Det gav meir grunn til uro at ho brydde seg.

Ein annan tidlegare konsernsjef, Eivind Reiten, har meir forståing for politisk uro av den typen Mæland uttrykte. Reiten sa på eit anna frukostmøte om statleg eigarskap at leiarar i del eller heileigde statlege selskap må ha ei viss forståing for at politikarar kjem med utsegner som ikkje impliserer at dei har tenkt å føreta seg noko reelt, men at dei talar til media. Reiten har jo sjølvsagt på ei side rett, men er på ei anna side med og byggjer opp under dobbeltkommunikasjon, der eigarskapspolitikken er godt løynd i NOU-ar og stortingsmeldingar medan den medie styrde ålmenta er lite medviten om den marknadsvenlege politikken.

Det kan skapa usikkerheit om kva som er styrande line, om det kjem press frå særinteresser representert av alt frå miljøvernorganisasjonar, kapitalistar til fagrørsla. Når dei to sistnemnde slår seg saman, har det ein uheldig innverknad på delar av Arbeidarpartiet. Alt no kan ein sjå mange døme på kor elendig det kan gå om klimaproblema skal løysast av politisk styrde investeringar.

Då Hydro la ned verk i Årdal samstundes som dei raudgrøne nett hadde danna ei regjering, vart det mykje politisk teater i media som enda med subsidiar til ein dørfabrikk. Desse subsidiane er ikkje forankra i etablerte prinsipp for næringspolitikk. Det er marknaden som må avgjera kor mange dører som bør produserast, ikkje sentralstyret i Arbeidarpartiet.

Stoltenberg var sjølvsagt klar over dette, men som kortsiktig politikk var det effektivt.

Dessutan viste Stoltenberg at det å tenkja langsiktig har ein politisk kostnad.

Boka støttar fullt ut naudsynt og fornuftig næringspolitikk, slik Stoltenberg i si fyrste regjering dreiv med, til dømes då dei delprivatiserte Statoil for å sikra meir profesjonell drift og større avstand til politikarane.

Dette gav Stoltenberg ei rekordlåg oppslutnad på 24,3 prosent ved valet 2001. Likevel vil ingen politikarar som er i posisjon leggja om kursen.

Så lenge staten opptrer pragmatisk og lyttar til krav frå marknaden, vil ikkje liberale krav om nedsal få gjennomslag. Kvifor selja flytoget når det fungerer framifrå? Kvifor delprivatisera Statoil? Jo, fullt statleg eigarskap fungerte dårleg – og børsnotering var ein god måte å hindra styringskåte politikarar på. At politisk svikt kan vera vel så alvorleg som marknadssvikt, er noko Arbeidarpartiet erkjente i 70-åra, mellom anna i Liedutvalet frå 1979, som er omtala i boka.

I tillegg til profitt har ein andre legitime mål med eigarskapet, til dømes nasjonalt hovudkontor eller viktig infrastruktur.

Kor grensene går for andre mål enn profitt, kan vera vanskeleg å vita, til dømes i energisektoren.

Stort sett er det som er forretningsmessig lønsamt, også lønsamt for samfunnet og det som sikrar berekraftige arbeidsplassar.

Desse prinsippa er i stor grad gjeldande, men må støtt gjentakast i ålmenta om dei skal halda seg levande. I kommunane, som er store eigarar, er desse ideane diverre ofte heilt fråverande.

Difor bør fyrst og fremst kommunepolitikarar til både høgre og venstre lesa boka. Dei har mykje å læra av staten som kapitalistisk aktør.

Bokanmeldelsen er på trykk i Dag og tid 23.1.15.

Publisert: 16. januar 2024
Kapitalisme Statlig eierskap
Del på: Del link Del på twitter Del på facebook

Relatert

Meningsmåling, Befolkningen foretrekker borgerlige og liberale løsninger for næringslivet
Lars Kolbeinstveit

Hvite elefanter i næringspolitikken

Aktiv næringspolitikk er en skipstunnel med tapt velstand i enden.
NæringslivNæringspolitikk
Mathilde FastingJan Erik Grindheim

Jordbrukspolitikken i Norge og EU blir likere

«Kontrasten til EUs landbrukspolitikk øker». Det skriver Bjørgulv Braanen på lederplass i Klassekampen 20. mai. Men som vi viser i et nylig utgitt notat fra tankesmien Civita, stemmer ikke dette.
EU og EØSNæringspolitikk
landbruk jordbruk
Jan Erik GrindheimMathilde Fasting

Kan et EU-medlemskap styrke norsk jordbrukspolitikk?

Importvernet er en utfordring for jordbruket ved et norsk EU-medlemskap. Vil dette kunne kompenseres med andre former for støtte?
EU og EØSNæringspolitikk
sjakk konge maktkonsentrasjon

Næringsliv og makt

Hvordan politisk og økonomisk maktkonsentrasjon oppstår og hvordan vi mest effektivt kan motvirke dens negative konsekvenser.
Økonomi og velferdNæringspolitikk
Norske kroner, hundrelapper, sedler, NOK, penger
Mathilde Fasting

De rike bidrar til mye

Stein Erik Hagens bortgang er svært trist for Norge. Men legger vi til rette for at flere skaper formuer og blir i landet, vil vi alle få glede av rike menneskers bidrag til arbeidsplasser, verdiskaping og engasjement.
NæringslivØkonomi og velferd
Strømmast, strøm, strømpriser, kraftmarked, kraftsystem, subsidier, subsidiefritt, «Norgespris», Strømstøtte, rettferdig fordeling, velfungerende marked
Lars Peder Nordbakken

Norge trenger et solid taktskifte for utbygging av mer nett og kraft – og det haster

Få ting feiler så brutalt som tilvant suksess – som tas for gitt. Fortellingen om den norske «kraftjuvelen» risikerer den samme skjebnen.
Økonomi og velferdNæringspolitikk

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

This field is for validation purposes and should be left unchanged.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
[email protected]
Civita logo