Fridom og velferd
Av Lars Kolbeinstveit, prosjektmedarbeider i Civita
Atle Møen skriv den 5. Juni eit kritisk tilsvar til Fredrik W. Thue sin kommentar ”Kven skaper samfunnet?” som stod i same avisa 28. mai. Han meiner Thue stør seg for mykje til ein individualistisk og liberalistisk tankefigur. Møen meiner at den demokratiske velferdstaten skaper ein økonomisk tryggleik som ikkje kan vera eit trugsmål mot den individuelle fridomen. Få vil kan hende hevda at velferdstaten er eit trugsmål mot vår individuelle fridom, men eg trur ikkje det er det Thue meiner. Slik eg les Thue freistar han å seia noko om kva som skjer hvis staten tek for mykje ansvar for folk. Fridom dreiar seg blant anna om grunnleggande tryggleik for basisbehov, men ein fridom kor folk ikkje må ta nok ansvar for seg sjølv og fellsskapet nedafrå er ein fridom som ikkje er berekraftig. Det er eit paradoks at politiske krefter som hevdar at individet må ta meir ansvar for seg sjølv vert sedde på som eit trugsmål mot fridomen til folk. Kjøpekrafta til den gjennomsnittlege nordmann har auka enormt dei siste tiåra. Aldri før har folk i Noreg hatt betre føresetnadar for å ta ansvar for si eiga velferd.
Thue er ikkje så liberalistisk som Møen hevdar. Ein kultur som ikkje er open for kritiske rørsler er ikkje liberal. Thue gjer eit poeng av at når ikkje staten skal blanda seg, så må ansvarlege borgarar blanda seg. Han skriv: ”At politikken skal lata privatlivet i fred og ikkje definara det gode livet for folk, er eit sunt liberalt prinsipp. Men det tyder ikkje at slike ting ikkje kan og bør diskuterast ope og kritisk i ålmenta.” Thue skriv at me til dømes treng ein meir graverande og konfontrenda livstilsjournalistik. Møen mistyder Thue når han hevdar at Thue tek til ordet for å politisera kva som er det gode livet. Det er jo nett ein politisering av kva som er det gode liv Thue tek avstand frå. Men han hevdar samstundes at ei slik avpolitisering kan verta fånyttes om det ikkje finst eit sterkt sivilsamfunn. Det kan sjølvsagt finnast autoritære og moraliserande krefter i det sivile samfunn slik Møen hevdar. Det vil vera eit problem i alle samfunn til alle tider, men ein stor offentleg sektor kan ikkje bøta på dette, snarare tvert om.
Innlegget stod på trykk i Dag og Tid 11. Juni 2010