Taraku, Sylo: Frihetskampen i islam

Me lærer mykje om dei problematiske sidene av islam, og særleg politisk islam, men mest av alt vil Taraku ha oss til å forstå at islam er ein rik sivilisasjon, og at den islamske arven ikkje berre er reaksjonær og bakstreversk.

Publisert: 14. oktober 2019

Res Publica, 2019. 342 sider.

Teksten er skrevet av Jan Erik Grindheim, statsviter i Civita.

Islam treng ein fridomskamp på innsida av minoritetsmiljøa

Sylo Tarakus siste bok om fridomskampen i islam er eit politisk forsvarsskrift for den liberale, vestlege demokratitradisjonen. Han meiner at islam må kunne sameinast med den gjennom ei reformrørsle utgått frå ideane om sekularitet, ytringsfridom og dialog. Taraku startar med å sjå attende på eigne røynsler frå ein sekulær muslimsk bakgrunn i Kosovo i 1990-åra og korleis han for fyrste gong i livet tek til å grubla over dei religiøse sidene av islam etter å ha kome til Noreg og vorte plassert tett på religiøse muslimar i asylmottaket. Til tider undrar han på om han er i ferd med å verta ein truande muslim, men han endar med å kalla seg kulturmuslim. Det får konsekvensar for korleis eg les historia hans.

Argumenta Taraku nyttar, er i opninga av boka sterkt personlege og sjølvsagt vanskelege å etterprøva. Men eg vart overraska over kor liberal islam kan vera om ein lever slik han gjorde i det opphavlege heimlandet sitt, og kor illiberal den same kulturen kan vera når han tek form av religiøs tru. Særleg om religionen vert knytt til politiske interesser og gjev seg uttrykk i politisk islam, slik det ligg til rette for i måten denne religionen vart utvikla på heilt frå byrjinga av: «I det tidlige islam utgjorde det muslimske fellesskapet ikke bare et religiøst fellesskap, men også et politisk fellesskap», skriv Taraku på side 256.

Dei liberale trekka kjem òg fram i tankane Taraku gjer seg når han i fyrste del av boka mellom anna ruslar omkring i Jerusalem og grundar over at islam, jødedomen og kristendomen har eit sams opphav, utan å seia noko særleg om kvifor me i dag tenkjer mest på skilnadene mellom dei tre monoteistiske religionane og den sivilisasjonskonflikten nokre politikarar freistar å skapa mellom dei. Om boka ikkje gjer Taraku rik, kvalifiserer kapittelet «En stolt sivilisasjon blir født» definitivt forfattaren til å verta guide for dagens fotefarturistar.

Taraku skriv godt og levande i eit enkelt språk. Historia er god nok i seg sjølv, og med jamne mellomrom kjem han òg med kommentarar som: «Islam er sterkt påvirket av jødedommen og kristendommen. Ettersom islam er en yngre religion, er det likevel logisk at den anser jøder og kristne som villedede. Ellers hadde det jo ikke gitt mening å introdusere en ny religion» (s. 42-43). So lett kan det seiast, det som er så vanskeleg å fatta om ein ikkje sjølv er ein truande.

Frå eit fredeleg Jerusalem går turen vidare til fleire av dei fremste stadene og landemerka for dagens muslimar gjennom ei imponerande historisk vandring prega av djup kunnskap og forståing for kva islam har hatt å seia for vår verdslege vestlege kultur, men òg kvifor delar av denne stolte kulturarven har vorte antivestleg og til tider valdeleg. Me går ikkje berre gatelangs i Jerusalem, Istanbul og Kairo, men òg i islamsk idéhistorie og kultur.

Denne vandringa mellom notid og fortid er eit godt forteljargrep. Me lærer mykje om dei problematiske sidene av islam, og særleg politisk islam, men mest av alt vil Taraku ha oss til å forstå at islam er ein rik sivilisasjon, og at den islamske arven ikkje berre er reaksjonær og bakstreversk. Islam har òg lange tradisjonar for toleranse og fredeleg sameksistens med ikkje-muslimar. Ikkje minst på Balkan, der Taraku kjem ifrå, og der osmanar etterlét seg ein tolerant muslimsk tradisjon som vart utvikla vidare under ein sekulariseringsprosess i 1900-åra.

På Balkan er islam korkje politisk orientert eller ein altoverskyggande del av identiteten. Difor har muslimar som har innvandra til Europa, mykje å lære av dei frå Balkan, skriv Taraku når han etter kvart vert meir og meir politisk i argumenta sine. Når me kjenner til alle dei konfliktane oppløysinga av Jugoslavia førte til på Balkan, verkar eit slikt argument kanskje noko naivt, men måten han stadig vender attende til eigne røynsler på, gjer argumentet truverdig. Dei historisk-empiriske døma fungerer godt som grunnlag for Tarakus politiske engasjement.

Frihetskampen i islam handlar mykje om progressive muslimar som – uavhengig av kor personleg sekulære dei måtte vera – aktivt arbeider for å fremja toleranse og menneskerettar. Slikt noko treng me verkeleg om me skal skapa eit mangfaldig sekulært samfunn med ytringsfridom og dialog mellom ulike religionar og kulturar. Men nokre av historiene og argumenta dei byggjer opp under, kunne kanskje vore stramma litt opp og redigert litt ned frå forlaget si side.

Sjølv om eg fann dei historiske og idéhistoriske delane av boka mest interessante, tek Taraku oss òg med inn i ein særs viktig politisk debatt i siste kapittel, når han dreg til Furuset med to kollegaer frå Arbeidarpartiet: Jan Bøhler og tidlegare SV-politikar Andreas C. Halse. Dei stiller seg opp midt mellom tre moskear og diskuterer den norske venstresidas «unnfallenhet i møte med problematiske praksiser som legitimeres med islam» (s. 303).

Konklusjonen er klar for kulturmuslimen Sylo Taraku: Skal me koma nokon veg med å reformera islam i Noreg, må politikarane på venstresida solidarisera seg med dei sekulære som kjempar ein fridomskamp på innsida av minoritetsmiljøa.

Teksten var på trykk i Dag og Tid 11.10.19. Se også:

Når tyrannene gjør politikk til religion

Hvor ble det av venstresidens sterke religionskritiske tradisjon?

Den islamske humanismen

Å «skille moskeen og staten» i den muslimske verden

https://www.civita.no/politisk-bokhylle/taraku-sylo-balkanisering-av-europa-hvordan-populisme-og-innvandring-splitter-oss