Søberg, Morten: Ekofisk, Eidsvoll. Eit essay om oljepengar og Grunnlova.

Handlingsregelen har ikkje hatt den naudsynte disiplinerande effekten, og difor kan Morten Søberg ha rett i at oljepengane bør verta verna av Grunnlova.

Publisert: 12. juni 2019

Samlaget, 2017. 114 sider.

Teksten er skrevet av Lars Kolbeinstveit, filosof i Civita.

Den lokkande sirenesongen frå oljeformuen

Handlingsregelen har ikkje hatt den naudsynte disiplinerande effekten, og difor kan Morten Søberg ha rett i at oljepengane bør verta verna av Grunnlova.

Morten Søberg har mellom anna vore statsekretær i Finansdepartementet (2010-2013) og rådgjevar for Senterpartiet. Han har ein doktorgrad i økonomi og har no gjeve ut si fjerde essaysamling, Ekofisk, Eidsvoll, eit essay om oljepengar og Grunnlova.

Søbergs siste essay er eit viktig tilskott til å skapa grobotn for eit meir allment, men òg intellektuelt, forsvar for oljepengane våre.

Hovudargumentet til Søberg er at strengare – gjerne grunnlovsfest – vern av oljepengane vil tena oss som nasjon. For å underbyggja argumentet sitt tek Søberg lesaren med på ei variert reise langt unna den teoretiske økonomien. Han er på jakt etter døme og røynsler som kan visa oss at grunnlovsvern av oljepengane kan vera naudsynt. Søberg lykkast godt, men vert litt lite konkret.

Ikkje hatt disiplinerande effekt

Kva for røynsler har me om handlingsregelen, som det så ofte vert hevda at var ei genial oppfinning av Stoltenberg og andre økonomar? Det er liten tvil om at handlingsregelen var ein relativt streng regel da han vart innført. I dei første åra etter 2001 var han også på mange måtar det i røynda. For Bondevik 2-regjeringa var det ikkje alltid lika lett å halda seg innanfor regelen.

Kva fortell røynsla oss om handlingsregelen? Jo, røynsla fortel oss at det til dømes under Bondevik 2-regjeringa blei brukt meir enn fire prosent, men det er samstundes grunn til å tru at det kunne ha vore brukt meir utan ein disiplinerande regel.

Dei siste om lag ti åra har handlingsregelen derimot ikkje hatt same disiplinerande effekt. Det er berre i 2009, i samanheng med finanskrisa, at me har brukt meir enn fire prosent. Elles har me brukt om lag tre prosent i snitt.

Professor i økonomisk historie, Einar Lie, har sagt mykje klokt om dette. På eit debattmøte hjå Civita i samband med eit notat om handlingsregelen snakka Lie om at ein har hatt to sentrale utviklingstrekk på ein gong: På den eine sida har fondet blitt så stort at fire prosent er enormt mykje pengar, og i tillegg har billeg import ført til at inflasjonsfaren har vore lav, så faren for aukande rente på grunn av høg oljepengebruk har vore lav. Dette har Lie mellom anna skrive om her.

Desse røynslene fortel oss at ein strengare grunnlovsfesta regel kunne vore ein god ide, difor er det eit paradoks at Morten Søberg ikkje brukar slike meir konkrete argumenta og døma.

For Søbergs essay vert av og til noko svevande.

Eit anna døme er at han skriv  2/3-dels fleirtal for å vedta statsbudsjettet. Men er det ein god ide? Ja, kanskje om det er snakk om rammene for oljepengebruk, men prioriteringar innanfor statsbudsjettet bør ikkje ha meir enn simpelt fleirtal.

Alle må bindast til masta

For det er, som Søberg elles skriv godt om, sjølve oljeformuen som treng vern. Ein strengare og kan hende grunnlovsfesta regel for uttak av oljepengar kan skapa eit betre politisk ordskifte om prioriteringar.

For det er ikkje mangel på vilje til å bruka oljepengar på samferdsel, fornybar energi, lyntog eller kva det måtte vera. Det er finst ikkje grenser for særinteresser som hevdar at nett deira ide legitimerer eit unnatak. Difor må alle bindast til masta, slik at sirenesongen ikkje tek nokon. Me får då ein betre diskusjon og vert tvungne til å prioritera.

Det handlar ikkje om å setta politikare under oppsyn, men om å skapa institusjonelle rammer og vilkår som alle må ta omsyn til.

Samfunnsøkonomisk teori og røynsler fortel oss noko heilt grunnleggjande: Økonomifaget er, som Lionell Robbins definerte det, «studiet av anvendelsen av knappe ressurser til alternative formål».

Oljefondet verkar kanskje ikkje, med sine om lag 7 500 milliarder, som ein knapp ressurs, men det er fullt mogleg å sløsa bort formuen. Dessutan er det ikkje berre pengar som er ein ressurs. Aukande bruk av oljepengar vil stela andre knappe ressursar, mellom anna arbeidskraft.

Søbergs ide er å festa samfunnsøkonomisk innsikt til juss – til Grunnlova. Men det er ikkje berre harde fag som juss og økonomi Søberg speler på i essayet. Søberg har ein god penn og tek inn fleire gode perspektiv. Han skriv til dømes om korleis han og mellom andre Ola Borten Moe meinte at: «Gass- og oljefelta i hava utanfor kysten vår bør klårt og tydeleg medverka til nasjonsbygginga (…) Dei kan gjevast namn som strekar under den felles historie ulike nordmenn bør ha.»

Frå USA til Framstegspartiet

Søberg har også eit internasjonalt perspektiv og tek lesaren med til USA og oppsetjinga av den populære musikalen Hamilton. Alexander Hamilton (1755-1804) var den første finansministeren i USA og ville føderalisera statsgjelda i USA for å skapa eit meir truverdig og finansielt stabilt USA.

Stabile finansinstitusjonar og klåre rettsreglar skaper tillit og gjer ein kredittverdig. All formue- og gjeldsplassering inneber risiko – Søberg viser til historiske døme i si eiga slekt. Og det er stabilitet for oljepengane som er Søbergs formål. Eit formål eg deler fullt ut.

Som sagt saknar eg meir konkrete argument, men Søberg lykkast med å breia refleksjonane ut. Politisk er det kanskje ikkje uventa at han hadde sansen for Jens Stoltenberg og røysta Arbeiderpartiet i 2001, meir ukjent er det kan hende at Fremskrittspartiet i si tid òg hadde representantar som ville verna oljepengane våre.

Skal oljepengane vernast for framtidige generasjoner, og til det beste for nasjonen, så treng fiskalt konservative juss- og økonombyråkrater fleire med på laget. Søbergs essay er ein god start.

Artikkelen er opprinnelig publisert i Minerva 20. april 2017. Se også:

https://www.civita.no/publikasjon/nr-5-2017-en-bedre-handlingsregel