Fosli, Halvor: Mot nasjonalt sammenbrudd. Norge i masseinnvandringens tid

 

 

Document forlag, 2o20.

Teksten er skrevet av Lars Kolbeinstveit, filosof i Civita.

 

Eit forsvar for assimilering

 

Halvor Fosli har gode poeng, men mange av påstandane i boka kjem i vegen for debatten han vil reise.

Boka til Halvor Fosli er komen ut på Document Forlag, knytt til Document.no, som vert rekna som eit såkalla alternativt medium. Omgrepet kan verka utdefinerande – i tydinga «dei skal me ikkje lytta til». Eg meiner ei slik tilnærming feil. Det er argumenta og innhaldet i boka me må vurdera.

Fosli peikar framover mot eit mogleg nasjonalt samanbrot om me ikkje forstår kor vanskeleg integrering er og om vi ikkje avgrensar innvandringa sterkt.

Til liks med det Brochmannutvalet synte, og som Kåre Willoch og Torbjørn Røe Isaksen skriv om i si siste bok «Alt med måte», meiner Fosli at det er avgrensa kor mange innvandrarar det norske samfunnet kan absorbera. Fosli legg for sin del til at absorberingsevna er sterkt avgrensa.Han meiner at Noreg kan verta fragmentert og mista tillit om ikkje innvandringspolitikken vert lagd kraftig om, og me får til ei assimilering av innvandrarane. Om så ikkje skjer, vil det føra til, i fylgje Fosli, at «fordelingssemja», som statsvitar Øyvind Østerud meiner ligg til grunn for velferdsstaten og nasjonalstaten, vil forsvinna. Fosli har rett i at høg innvandring – særleg frå ikkje-vestlege land med liten fagkompetanse – kan gje auka skilnader og sterkt press på lønningar og velferdsordningar.Det eg saknar i boka, er ei opnare drøfting av kva negative følgjer ei assimileringslinje kan ha for integreringa. Eg er samd i at innvandrarar må ta opp i seg vestlege verdiar som ytringsfridom, likestilling og demokrati, men Fosli vil gå mykje lenger enn som så.

Fosli er nasjonalkonservativ: Det er folket og nasjonen som utgjer grunnlaget for at den norske staten og demokratiet vårt kan fungera. Det tyder ikkje at Fosli er for ein ekskluderande nasjonalisme, men han dreg assimileringslinja langt. Han er opptatt av detaljar som kva namn innvandrar gjev ungane sine og ser for mykje mangel på assimilering i det som eigentleg er harmlaus fleirkultur. Han meiner til dømes at det ikkje er ei marginal sak at minoritetar i det innvandrartette Oslo ikkje har gått over Besseggen eller fiska i Saltstraumen. I sum vert alle desse døma til Fosli for negative.

Slik eg tolkar Fosli, er hans definisjon av assimilering ei altomfattande form for integrering der minoritetane skal ha dei same rettane som majoriteten, men samstundes skal dei samansmeltast med medlemmene av majoritetskulturen på premissane til majoritetskulturen.Men om folk opplever at dei ikkje får leva livet som dei ønsker, kan òg tilliten i det norske samfunnet verta svekt. Den norske særeigne tilliten er ikkje berre bygd på eit nasjonalt kollektiv – han har òg si årsak i at einskildindividet er fritt.

Eg er samd i at vi treng nasjonsbygging, men eg meiner Fosli har ein for snever idé om kva det tyder. Eg trur nasjonsbygging i vår tid må vera meir liberal om me skal skapa tillit og fellesskap framfor konflikt.

Fosli har rett i at enkelte muslimske minoritetsmiljø ikkje tek nok til seg dei rettane og pliktene som det norske samfunnet ser på som viktige. Men Fosli drar det for langt når han til dømes tek til orde for å bøteleggje bruk av barnehijab.

Samstundes gjev ikkje dei innvandringsliberale godt nok svar til Fosli når dei meiner at det er greitt at andre- og tredje generasjon innvandrarar kler ungane sine i barnehijab. Da skjøner ikkje liberalarane kor viktig ei form for nasjonal fellesskapskjensle er for at eit demokratisk samfunn skal kunne fungera, og at bruk av barnehijab, til dømes, svekkjer denne fellesskapskjensla.Det er synd at boka er for lite drøftande, og ein del påstandar vil med god grunn koma i vegen for den debatten Fosli sjølv ønskjer at boka skal skapa. Han hevdar til dømes at på grunn av at ein god muslim ikkje kan drikka alkohol, vil unge muslimske gutar lettare reka gatelangs og tenna på bilar, eller dra til vestkanten og rana folk. Slike påstandar skjemmer boka. Det er synd, for Fosli kjem òg med viktige døme på kor vanskeleg integrering kan vera.

Fosli vil ha ei mykje lågare innvandring frå ikkje-vestlege land, så låg at eg ikkje ser på det som ein realistisk politikk i dag. Men han har rett i at integreringa er avgjerande for kor mykje innvandring me toler. Tal SSB nyleg publiserte, viser til dømes at etterkomarar av innvandrarar frå Pakistan, Somalia og Tyrkia i høg grad giftar seg med folk frå same landbakgrunn. Det tyder ikkje på ei vellukka integrering.

Eg meiner me kan gje betre svar på innvandringsutfordringane om me les boka til Fosli, samstundes som me bør vera kritiske til ein del av påstandane og forslaga han kjem med. Men me får ikkje ein god innvandringsdebatt om me ikkje har stor takhøgd for kven me kan diskutera med. Fosli er kontroversiell, men ikkje på ein slik måte at me ikkje bør kunna drøfta med ham.

Teksten er på trykk i Dag og Tid 14.2.20. Se også:

Mislykket integrering svekker tilliten

Er vi på vei mot nasjonalt sammenbrudd?

Støtt Civita

Civita er en liberal tankesmie som gjennom sitt arbeid skal bidra til økt forståelse og oppslutning om de verdiene som ligger til grunn for en fri økonomi, det sivile samfunn og styrket personlig ansvar. Civita er en ideell virksomhet. Vårt arbeid består av debattmøter, seminarer, publikasjoner, skolering og viktige innspill i samfunnsdebatten. Dette er gjort mulig ved hjelp av støtte fra private.

Ditt bidrag vil bidra til at Civita kan fortsette det viktige arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

GI DITT BIDRAG HER »