de la Torre, Victoria Martín: Fryktens kontinent – hvordan europeere begynte å stole på hverandre

 

 

Frekk Forlag, 2o16. 197 sider.

Teksten er skrevet av Lars Kolbeinstveit.

 

Kampen for Europa

Historia om dei som stod bak EU, syner ein røyndom der død, tru og hardt arbeid er ein del av kvardagen. Både nei- og ja-sida har mykje å læra av denne boka.

Fryktens kontinent gjev eit portrett av arbeidet fleire europeiske politikarar og embetsmenn gjorde for europeisk samarbeid i det tjuande hundreåret. Er det noko desse personane hadde sams, så er det nett det at dei greidde å kombinera ideala sine med eit realistisk syn på mennesket. Dette er eit typisk trekk ved kristendemokratiske politikarar på kontinentet. Ved å skriva biografisk syner de la Torre korleis personleg bakgrunn påverkar korleis ein tenkjer politisk.

Liberale og kosmopolitiske idear om overnasjonale organ held ikkje mål åleine. Ein kjem ikkje utanom nasjonen – folk flest – om ein skal ha realistiske og demokratiske løysingar på europeisk nivå. Brexit synte oss det nyleg. Samstundes er det i interessa til nasjonane å samarbeida – nasjonalstaten greier seg heller ikkje åleine. Det viste dei to verdskrigane oss i det førre hundreåret.

Samarbeid

Det ligg i naturen til all politikk at ein må samarbeida og ha ulike roller for å få politisk gjennomslag. Samspelet og respekten mellom Robert Schuman og Jean Monnet, og mellom fyrstnemnde og Konrad Adenauer, syner dette godt. Eg kunne nemnt fleire, men desse tre delte den same draumen om eit meir sameint Europa. Der Monnet var ambisiøs og pågåande, var Schuman sjenert og sindig. Schuman var sterkt religiøs, einebarn og prega av at foreldra døydde tidleg – mora i ei stygg ulukke. Krigar har ofte endra grensene mellom Tyskland og Frankrike, og Schuman voks opp i grensetraktene, men med respekt for begge nasjonane. Han ville eigenleg gå i kloster, men vart overtydd av ein god studieven om at dei som kom til å skapa fred, ville gå i dress. Han var viljug til å satsa det politiske livet sitt for å få til europeisk samarbeid, men ikkje som ein del av eit politisk spel. Han var styrd av verdiar – verdiar som han delte med den litt meir slu Adenauer. Adenauer er kjend for ikkje å gje seg og å ta opp att saker heilt til han fekk fleirtal. La de Torre syner oss samstundes mennesket Adenauer som mellom anna miste den fyrste kona si i 1916. Han hadde då tre born under seks år. Adenauer og den andre kona var sterkt plaga av vilkårleg maktbruk frå nazistane. Boka syner oss kor viktig levd røynsle kan vera for politisk handverk.

Ulike eigenskapar

Dei ulike eigenskapane til Schumann, Adenauer og Monnet var naudsynte for å få realisert visjonane om meir samarbeid og fred i Europa. Visjonar kan, som den seinare kanslaren i Tyskland Helmut Schmidt sa, vera ein god grunn til å oppsøkja lækjar. Om ikkje ein politikar med visjonar vil til lækjar, må han i det minste forstå at visjonane må forankrast i realitetar, og at ein må arbeida hardt for å få gjennomslag. Ein realist forstår at folk også tenkjer materielt – dei vil ha arbeid og fred. Kan overnasjonalt samarbeid om økonomi gje arbeid og militært samarbeid gje fred, er folk med. Det tyske Wirtschaftswunder og den sosiale marknadsøkonomien var mogeleg mellom anna fordi Adenauer var overtydd om kva marknaden best kunne styra, og kva det offentlege måtte gjera, for å skapa mest velferd og arbeid. Bak Adenauer og finansminister Ludvig Erhard stod ein sterk økonomisk og filosofisk tradisjon, der mellom andre Wilhelm Röpke var viktig. Röpke var med på å skipa den kristendemokratiske rørsla etter krigen. Han var for ein avgrensa stat og lokalt sjølvstyre. Erhard hadde lese Röpke i skjul under krigen. Bøkene til Röpke var forbodne i Nazi-Tyskland. Adenauer var overtydd om at handel kunne skapa fred, og han var anti-kommunist.

Eit veikt punkt

Skal eg peika på eit veikt punkt med boka, er det at ho ikkje i større grad problematiserer at det ikkje var noko alternativ til kald krig og blokkpolitikk. Kommunistane var mot det liberale demokratiet og det opne samfunnet. Korleis ein skulle handsama Stalin og Sovjet, kunne ein ha ulike realpolitiske idear om, men den kalde krigen var ikkje eit parti sjakk. I sin ytste konsekvens var det ein sivilisasjonskamp, mellom demokrati og tyranni.

 

Artikkelen var på trykk i Dag og Tid 1. juli 2016. Se også:

Forent i forskjellighet? Europaparlamentsvalget 23.-26. mai 2019

Støtt Civita

Civita er en liberal tankesmie som gjennom sitt arbeid skal bidra til økt forståelse og oppslutning om de verdiene som ligger til grunn for en fri økonomi, det sivile samfunn og styrket personlig ansvar. Civita er en ideell virksomhet. Vårt arbeid består av debattmøter, seminarer, publikasjoner, skolering og viktige innspill i samfunnsdebatten. Dette er gjort mulig ved hjelp av støtte fra private.

Ditt bidrag vil bidra til at Civita kan fortsette det viktige arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

GI DITT BIDRAG HER »