Om å leva med Kina

«Vesten må halda på det teknologiske og økonomiske forspranget som me har hatt dei siste hundreåra», skriv Halvor Tjønn i ein spanande analyse av korleis me skal kunna leva med eit sterkt og sjølvsikkert Kina dei neste tiåra (Dag og Tid 9. juli 2021). Svaret han gjev, er òg interessant: «Det me heilt sikkert ikkje må gjera, er å svekkja det alliansesystemet som held dei demokratiske landa saman, slik Donald Trump var i ferd med å gjera.»

Eg er heilt samd i det, og den beste måten å gjera det på er å knyta Europa tettare til USA i åra som kjem. Det freista forgjengaren til Trump, Barack Obama, å gjera gjennom ein djuptgåande avtale om meir handel og investeringar på tvers av Atlanteren i ein avtale som gjekk under namnet Transatlantic Trade and Investment Partnership (TTIP).

Forhandlingane om denne avtalen, mellom EU og USA, starta i 2013, men vart altså avbrotne i 2016, etter at Donald Trump kom til makta i USA med slagordet «Make America Great Again». Nokre månader før hadde eit fleirtal av dei røysteføre britane sagt seg ferdige med EU-medlemskapen etter meir enn 40 år, med orda «I want my country back!». Plutseleg var det ingen som lenger snakka om noko djuptgåande samarbeid på tvers av Atlanteren.

Med Storbritannia ute or EU og ein meir europavennleg president i Det kvite huset kan forhandlingane om denne avtalen kanskje takast opp att? Om så skjer, treng me òg ein ny debatt her til lands om korleis Noreg skal finna sin plass mellom aust og vest dei neste tiåra, og då må òg spørsmålet om Noreg skal melda seg inn i EU, koma opp att.

Historisk sett har me sterke band til Storbritannia her til lands, ikkje minst på det tryggingspolitiske området. Men økonomisk sett er EU langt viktigare for norske bedrifter og arbeidsplassar enn Storbritannia. Det same gjeld kanskje òg dei demokratiske verdiane Tjønn er oppteken av at Vesten må ta vare på i rivaliseringa mellom Kina og USA, om britane framover ynskjer å gå sin eigen veg, sjølv om EU og USA finn saman att.

 

Innlegget var publisert i Dag og Tid 16. juli 2021.

Støtt Civita

Civita er en liberal tankesmie som gjennom sitt arbeid skal bidra til økt forståelse og oppslutning om de verdiene som ligger til grunn for en fri økonomi, det sivile samfunn og styrket personlig ansvar. Civita er en ideell virksomhet. Vårt arbeid består av debattmøter, seminarer, publikasjoner, skolering og viktige innspill i samfunnsdebatten. Dette er gjort mulig ved hjelp av støtte fra private.

Ditt bidrag vil bidra til at Civita kan fortsette det viktige arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

GI DITT BIDRAG HER »