22 okt
mandag 22 oktober 2018 kl. 00:00

Ein samtale om nynorsk skriftkultur

Civita og Samlaget inviterer til kveldsmøte måndag 22. oktober kl 19.00-20.30

Civita og Samlaget inviterer til kveldsmøte og boklansering måndag 22. oktober kl 19.00-20.30

I boka «Nynorskens lys. Eit essay» skriv Morten Søberg at det nynorske skriftmålet så å seia er gjennomstrøymd av munnhell og ordtak, reiser, politikk, samtalar og utprøvingar; det er tale om ein skriftkultur som har mykje til felles med det klassiske essayet: subjektiv og krevjande, kjettersk og søkjande. Djupast sett utgjer nynorsken eit særeige demokratisk og intellektuelt innslag i den norske ålmenta – eller kva?

Til samtale: Morten Søberg, forfattar og direktør for samfunnskontakt, SpareBank 1 Gruppen, Sveinung Rotevatn, statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet (V) og kulturredaktør i Aftenposten Sarah Sørheim.

Møtet vert halde i Civita sine lokale i Akersgata 20, 6. høgda

Det vert sal av boka under møtet

Velkomne!