Ideer

Skolebokanmeldelse: Ny agenda

Civita har invitert de borgerlige ungdomspartiene til å anmelde skolebøker på pensum i samfunnsfag. Her er Unge Venstres anmeldelse av boken Ny Agenda, skrevet av leder Sveinung Rotevatn: Bruken av ord som «pengesterke», «stoppeklokke» og «tjene penger» er som klippa ut av ei valkampbrosjyre frå venstresida, og vert i ikkje møtt med motforestillingar.

Publisert: 10. mai 2013

Civita har invitert de borgerlige ungdomspartiene til å anmelde skolebøker på pensum i samfunnsfag i videregående skole. Aftenposten har tatt saken videre, og fått også de ikke-borgerlige ungdomspartiene til å komme med sine synspunkter. Aftenpostens oppslag kan leses her.

Her er Unge Venstres anmeldelse av boken Ny Agenda:

Unge Venstres anmeldelse

Skrevet av Sveinung Rotevatn, leder i Unge Venstre

 

Frå tid til annan vert det klaga over kvaliteten på samfunnsfagbøker i Noreg. Enkelte hevdar at det ikkje berre er mediedekninga av norsk politikk som er skeiv, men at også skulebøkene gjev norske borgarar eit litt-mindre-enn-objektivt blikk på korleis verda heng saman.

Er det hald i slike påstandar? Har norske skulebøker politisk slagside, i den eine eller andre retninga? Det er sjølvsagt vanskeleg å skrive «objektivt» om samfunnsforhold. Kulturen vår, den politiske historia og forfattaren sitt eige syn vil til ei viss grad prege ordval og  problemstillingar. Dette er knapt til å unngå, og det er vel heller ikkje ønskjeleg med fullstendig relativistiske samfunnsfagbøker. Faget bør trass alt oppmode til debatt og kritisk tenkjing.

Samstundes er det interessant om det er mogleg å sjå ein klar tendens til politiske slagside. Eg har difor gått gjennom boka Ny Agenda, skrive av Trond Borge, Berit Lundberg og Ole Aass. Boka er frå 2006, oppdatert i 2009, og er skrive etter læreplanen for samfunnsfag, eit fag som elevar på alle studieprogram i vidaregåande opplæring må gjennomgå.

At faget er obligatorisk gjer det særleg interessant å studere pensumet, sidan det vil danne grunnlaget for samfunnsforståinga til alle elevar, både dei som er interesserte i politikk og kritisk tenkjing – og dei som ikkje er det.

Boka vert gjennomgått med eit kritisk blikk, og dei delane av pensum som er godt og nøytralt skrive vert ikkje kommentert med mindre det er grunn til å gje særleg ros. Sjølv om mange av skildringane i boka nok kan representere det eit fleirtal i Noreg måtte meine, vil eg også kome med relevante innvendingar der eit tema ut frå min liberale ståstad burde vore nyansert eller problematisert.

Den første delen av boka tek for seg tema som sosialisering, familieliv, kriminalitet, forbrukarrettar og kjønnsroller. Det siste temaet skil seg særleg ut på slagside-skalaen, i alle fall dersom ein meiner at likestillingsspørsmål handlar om meir enn kvinnekamp. Delkapitlet om likestilling følgjer eit tradisjonelt oppsett der boka gir eit kort oversyn over kvinnekampen dei siste hundre åra, framhevar ulike kvinner som har brote viktige barrierar, og stiller spørsmålet «har jenter i dag det for godt til å gidde å engasjere seg i spørsmål som gjelder kvinners rettigheter?»

Det er mogleg at dagens jenter burde engasjere seg meir i kvinnekampen. Det som likevel er noko påfallande er 1) mangelen på drøfting av aktuelle likestillingspolitiske debattar, som kvotering og fødselspermisjon, og 2) mangelen på likestillingsspørsmål frå eit mannsperspektiv.

Til det siste kunne det til dømes vore interessant å ta opp kvifor gutar gjennomgåande gjer det dårlegare på skulen enn jenter. Eller kvifor det berre er menn som må gjennomføre førstegongsteneste – eit av dei få døma på formell kjønnsdiskriminering i dagens Noreg. Det kan også i parentes merkast at i eit seinare delkapittel om kriminalitet, som elles er balansert og godt skrive, er ni av ni avbilda kriminelle menn. Og i eit anna delkapittel om arbeidsmiljø, vert det slått fast at sexpress er ein type mobbing «som kvinner kan bli utsatt for».

Dette skeive kjønnsperspektivet forplantar seg vidare i delkapitlet om samlivsbrot, der boka drøftar inngåande årsakene til at talet på samlivsbrot «har økt siden 1970» (sjølv om trenden stoppa opp  i 1995). I drøftinga vert det framheva at «mange menn mestrer ikke den nye mannsrollen», at «økonomisk uavhengige kvinner har større mulighet til å bryte ut av vanskelige ekteskap» og at tidkrevjande fritidsaktivitetar kan skape konflikt, til dømes «dersom en av partene bruker mye tid på fotballbanen».

Samla sett går kapitlet langt i å antyde at det stort sett er menn som har skuld i ekteskapsbrot, eit bilete som vert forsterka av dei to illustrasjonsbileta: Ein sint mann som ligg i senga og kjeftar på kona si, og ein annan mann med ein grinande unge på armen som slit med å klare husarbeidet.

Individ og samfunn-delen har vidare ei til dels omfattande drøfting av forbrukarrettar og personleg økonomistyring. Berre delen om forbrukarrettar er via like mange sider som den seinare omtalen av EU – kjelda til det meste av endringar i norsk forbrukarlovgjeving dei siste tiåra1.

Forbruk vert i stor grad framstilt som negativt, som ein del av ein velstandsauke som har gjort samfunnet «mer materialistisk», og ungdom vert oppmoda til å «motstå et stadig økende kjøpepress». Ja, i det seinare delkapitlet om kriminalitet vert det sågar spekulert i om «den voldsomme økningen i kriminalitet de siste tiårene […] skyldes økt materialisme og kjøpepress».

Det vert vidare framheva i positive ordelag at somme ungdomsmiljø «tar avstand fra kommersiell reklame, der målet er å tjene mest mulig penger», men at dette ikkje alltid er så lett i praksis. For, som forfattarane skriv: «Problemet for enhver alternativ subkultur er at det alltid finnes noen som ser en mulighet til å tjene penger på den».

At auka forbruk er problematisk, og at det å ville tjene pengar er tvilsame greier, vert også satt i ein global kontekst. Eit av illustrasjonsbileta viser ein bosshaug med matrestar som er kasta. Biletteksten spør: «Hvilken sammenheng er det mellom forbruket vårt i Norge og fattigdom i andre land?».

Det er for så vidt rett at kasting av mat er ei utfordring i rike land. Men kasting av mat er eit minst like stort problem i fattige land, fordi dei manglar grunnleggjande infrastruktur som kjølelager og vegar for å få maten fort nok til marknaden. Og kvifor får ein ikkje investert i denne infrastrukturen? Mellom anna fordi det er vanskeleg for bønder i utviklingsland å få tilgong til rike marknadar som den norske, og dermed vanskeleg å byggje opp kapital til investeringar.

I delen som skildrar det norske demokratiet og dei politiske partia gir boka eit godt og objektivt, om enn noko overfladisk bilete av det norske politiske landskapet. Her er det tydeleg at forfattarane har vore opptekne av å halde tunga beint i munnen. Som ein kuriositet kan det merkast at fylkeskommunen, som einaste forvaltningsnivå, vert utsatt for kritikk og spørsmål om den i det heile tatt trengs. For som det heilt korrekt vert påpeika: «Mange kjenner lite til hva fylkeskommunen driver med og hvem som er fylkespolitikere».

I kapitla om arbeids- og næringsliv, derimot, plumpar forfattarane uti det med til dels svært tendensiøse skildringar av næringslivseigarar, fagorganisering og arbeidsvilkår.

For det første vert det fleire gonger gjeve uttrykk for at arbeidet med å byggje det norske velferdssamfunnet starta i 1945, då Arbeidarpartiets stordomsperiode tok til. Det er rett nok sant at ulike velferdsordningar vart til dels kraftig utbygd i etterkrigstida. Samstundes gir det eit skeivt bilete å gå stille forbi at byggjinga av den norske velferdsstaten har vore ein kontinuerleg prosess gjennom dei siste 150 åra, og skaut kraftig fart allereie i mellomkrigstida – med reformer som minstelønnslover, alderspensjon, arbeidstilsyn, 8-timarsdag, sosial bustadbyggjing, lover om barnerettar og kraftig uttbyggjing av det offentlege helsetilbodet.

Vidare vert det nemnt som ei utfordring for velferdssamfunnet at «tanken om at alle skal bidra til fellesskapet står svakere i samfunnet i dag, og at markedstenkingen står mye sterkere». Eg er usikker på kva forfattarane har dette frå, men den dystre spådomen vert i alle fall fulgt av ei rekke kritiske merknadar til kvaliteten og nytta ved private og konkurranseutsatte helsetilbod. Bruken av ord som «pengesterke», «stoppeklokke» og «tjene penger» er som klippa ut av ei valkampbrosjyre frå venstresida, og vert i ikkje møtt med motforestillingar.

Skildringane frå det moderne arbeidslivet vert vidare krydra med ein trøste og bære-artikkel frå eit debatthefte «til bruk for LO-kongressen i 2005». Deretter løftar boka teorien om at «arbeidslivet har blitt mer brutalt og mindre fleksibelt de siste årene», trass i at det er få eller ingen haldepunkt for denne generelle påstanden[i]. Tvert imot er hovudbiletet solid lønsvekst og meir fritid, betre folkehelse, høg sysselsetjing og stor grad av tilfredsheit med arbeidskvardagen.

Likevel kjem boka stadig tilbake med generelle påstandar som at det på mange arbeidsplassar er «et sterkt effektiviseringspress», at «mange bedrifter presser de ansatte til å jobbe overtid» og at bedrifter bryt arbeidsmiljølov og seier opp tilsette fordi «eierne ikke synes de tjener nok». Alt dette kan sjølvsagt finne stad, men å omtale det som ein generell tendens gir eit svært skeivt bilete av realitetane i dagens arbeidsmarknad.

Når elende-skildringa vert toppa med eit illustrasjonsbilete av ein næringslivssjef som med knyttneven bankar små tilsette på skrivebordet flate, med biletteksten «moderne turbokapitalisme fører ofte til skalting og valting med ansatte», er det vanskeleg å gjere nok anna enn å trekke på smilebandet.

Generelt er heile arbeidslivskapitlet prega av dårleg dokumentere generaliseringar og skildringar av stadig forverra arbeidsvilkår, samt mistru til rasjonalisering og effektivisering i næringslivet. Dei fleste problemstillingane har klar venstrevri, slik som at ingeniørar og sjukepleiarar ikkje har lik løn (trass i at dei har «omtrent like lang utdanning»), at ein stadig høyrer om leiarar «som går av og får millioner i etterlønn», og at det på grunn av arbeidsinnvandring «er omtrent umulig å få nordmenn til å ta på seg dårleg betalt sesongarbeid».

Det kan også leggjast til at boka i arbeidslivskapitlet set fram eit kraftig, moralsk forsvar for å vere fagorganisert. Elevane vert dessutan bedt om å drøfte om arbeidstakarar som ikkje er organiserte bør påleggjast ei tariffavgift eller ikkje automatisk få tariffløn. Fagrørsla si store makt over politiske avgjersler og bindingar til politiske parti vert derimot ikkje problematisert. Dette framstår som noko spesielt med tanke på at førsteutgåva av boka vart skriven i det same året som VG kåra LO-sjef Gerd-Liv Valla til Noregs mektigaste person.

Næringslivet får derimot passet påskrive, sidan det i følgje boka «er en alvorlig trussel mot demokratiet når lobbyister og pengesterke grupper kan påvirke avgjørelsene i den retningen de ønsker». Temaet lobbyisme vert illustrert av eit svært tvilsamt bilete av Stein Erik Hagen og Finn Jebsen som tiskar og kviskrar med dåverande finansminister Per-Kristian Foss (H) under NHOs årskonferanse.

Kapitla som tek for seg internasjonal politikk er stort sett grundige og velskrivne. Både drøftingane om fattigdomsproblematikk, FN og internasjonal terrorisme er balanserte og lærerike. Det er likevel på sin plass å stille spørsmål ved prioriteringane når tema som urfolksrettar og bistandspolitikk er via like mykje (eller lite) plass som temaet Den europeiske union – eit samarbeid som har enorm betydning for Noreg og Europa, og som påverkar samfunnet vårt på eit lang djupare nivå enn dei fleste er klar over. I så måte stadfestar Ny Agenda konklusjonen i Europautredningen[ii]: «Det generelle bildet er at Norges avtaler med EU i svært liten grad dekkes av skolen. I den grad Europa og Norges forhold til EU behandles, er det meste konsentrert om folkeavstemningene om norsk medlemskap.»

Sjølve delkapitlet om EU er for så vidt objektivt og balansert. Når EU vert omtala andre stadar i boka, derimot, er det i utelukkande negative ordelag. Forfattarane slår m.a. fast at det kan vere vanskeleg for medlemsstatane å redusere arbeidsløyse fordi EU «fører til gjensidig avhengighet og sårbarhet» og dessutan set «en rekke begrensninger for den statlige avgiftspolitikken». Dessutan blir det framheva som eit problem at EFTA-domstolen «kan presse Norge til å følge opp EUs regler», samt at EUs regelverk «pålegger oss å invitere utenlandske selskaper» til offentlege anbodsprosjekt. Og sist men ikkje minst: EU pålegg oss «å selge rusbrus i butikkene».

Sjølv om boka i hovudsak er skriven før finanskrisa og den store europeiske diskusjonen om kuttpolitikk vs. klassisk keynesianisme, er det likevel interessant å merke seg drøftingane av ulike tiltak som kan setjast i verk for å motverke arbeidsløyse og resesjon. Kutt i skattar og offentlege utgifter som motkonjunkturtiltak vert drøfta og hovudsakleg framstilt som risikabelt og negativt for økonomien, medan ein auke i offentleg  pengebruk utelukkande vert framstilt som fornuftig og vekstskapande.

Omtalen av frihandel generelt, og EU og WTO spesielt, har i stor grad slagside mot proteksjonistisk side av debatten. Kortreiste varer vert framstilt som eit godt klimatiltak, trass i at transportutsleppa normalt er svært små i forhold til utsleppa som kjem frå innsatsfaktorane i sjølve produksjonen. Det er til dømes betre for klimaet å dyrke roser i Kenya og fly dei til Europa enn å dyrke dei i energikrevjande drivhus her i nord[iii].

Vidare vert det heilt korrekt peika på eksportsubsidiert mat som eit problem. Likevel vert det ikkje nemnt med eit ord at også Noreg driv med slik subsidiering, skytset vert i staden retta mot USA og EU. Forfattarane kan til og med slå fast at «det er i liten grad fattige bønder i u-land som tjener på at Norge reduserer tollbeskyttelsen for jordbruksvarer». Dette trass i at Noreg fleire gonger har kome på jumboplass i kåringar av kva land som har verst politikk for u-landshandel[iv].

Oppsummert er det vanskeleg å tilrå Ny Agenda som eit godt læreverk for samfunnsfag. Rett nok er det mange greie og balanserte kapittel i boka, men desse vert diverre overskygga av kapittel med til dels svært sterk politisk slagside, særleg i spørsmål som handlar om økonomi og arbeidsliv. Dette er openbart tema som er grunnleggjande politiske, og der det er vanskeleg å peike på ein fasit. Men nettopp difor burde ei lærebok tilstrebe å presentere ulike syn og – ikkje minst – peike på problemstillingar frå ulike ideologiske ståstadar. Berre slik kan elevar som snart skal ta turen til stemmeurnene gjere seg opp si eiga meining.

Teksten er publisert på Aftenposten.no 7.5.13. Her kan du også lese Senterungdommens gjennomgang av samme bok.

1     http://www.regjeringen.no/nb/dep/ud/dok/nou-er/2012/nou-2012-2/21/12.html?id=669736

[i]      http://www.nbff.no/index.php?sideID=513

[ii]     NOU 2012:2

[iii]    http://www.dfid.gov.uk/r4d/PDF/Outputs/ClimateChange/60742-4984.pdf

[iv]    http://www.cgdev.org/doc/CDI%202011/Country_11_Norway_NOR.pdf